Kåre Heggen • 2022, Utgave 5
Regional høgre utdanning viktig for regional rekruttering?
I ein artikkel i Samfunnsøkonomien nr. 2 2022 reiser professor Torberg Falch ved NTNU tvil om effekten av regionale utdanningstilbod. I hans artikkel er det lærar- og barnehagelærarutdanninga som blir studert. Han «stiller spørsmål ved om regionale tilbud i høyere utdanning er av betydning for regional rekruttering av høy kompetanse», og seier vidare at «det synes som at nye offentlige utredninger overvurderer dette (NOU 2020: 12; NOU 2020: 15)». Hans grundige analysar av kandidatar frå perioden 2001–2010 basert på registerdata (vel 15 000 allmennlærarstudentar og vel 12 000 førskulelærarstudentar), viser likevel betre rekruttering av barnehagelærarar og mindre lærarmangel i grunnskulen der det finst lærarutdanning, så biletet han teiknar er ikkje eintydig.